Kapittel 2 begynte i 2014, då eg berre måtte ha ein ny cab før sommaren. Planen var den samme som før; kjøpe mx5, montere kompressor, leve lykkelig i alle mine dagar

Eg var framleis ein kjip sunnmøring, men enda opp med det som eg trudde var eit relativt godt eksemplar. Ingen servicehistorikk, MEN han eg kjøpte den av snakka om at den har tidligare vore i eiget av ein entusiast (edit: http://www.mx5-miata.no/phpbb/viewtopic ... 19&t=13688).
165000km, hardtop, 1,6 liter 92mod, tektylbehandla, fettlist i hjulbuar, eit sett vinterdekk på orginal felg, Rota RB, FM (turbo) cat back, og raceland coilovers. Bortsett frå litt kosmetisk dilldall (heimefiks på frontfangar, jallalakk på bakluke) såg bilen bra ut, spesielt interiøret, det var ikkje ein gong slitt hol i førarsetet. Eg slo til, for 30 høvdingar virka det som ei bra kjøp med tanke på vinterdekk, kilometerstand og hardtop. Hardtoppen var ikkje so fin, men den skal berre brukast på vinterstid, så det var ikkje så viktig

tv, bilen er ferdig på verkstad - th. etter turen heimatt utan tak i 6 grader. fekk også sjekka at VLSD fungerte som den skal

No har eg hatt bilen i over eit år, og planane om kompressor er for augeblikket lagt på hylla. Planane om å selge bilen om nokon år fram i tid er lagt vekk. Dette er sjølv om eg har ein god del ting som må på plass i åra som kjem. No veit eg kva eg vil ha av bilen; moderat senk, gode kjøreeigenskapar på Norske dritvegar, sytalaus drift, og kansje ei kvit fartsstripe eller to

Eg har nettopp brukt 17 høvdingar på "usynlig" rustskade i kanalane, samt fiksa og forsterka berebjelkane under bilen då desse var blitt kverka av ombord køyring av ferge. Når eg først måtte opne lommeboka fekk eg sveisa på plass dobbelt opp med stål på berebjelkane, slik at eg har 2 lag med 0.9 stål. Den utvendige dimensjonen er lik, så om eg har lyst på meir kan eg alltids smekke på FM rails eller liknande.
Next up: sjekk av kompresjon, mulig skifte av topp pakning og register reim, mulig planing av topp, montering av 4-2-1 header, Randall intake, nedfiling av hjulboltar, lakk på kanalar