Stivare karosseri - mindre vibrasjonar

Gjør det selv tråder og guider som er ferdige.

Moderator: Styremedlemmer

Post Reply
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Stivare karosseri - mindre vibrasjonar

Post by Sunnmøring »

Image Image Image

Denne lille gummi klossen har to funksjonar.
1 - stoppe døra når du smell den igjen - sidevegs er denne klossen relativt mjuk
2 - stive av karosseriet under køyring - Stivheita kjem av den interne "U" braketten som gummien er støypt rundt.
bilde nr.3 kan du sjå den interne braketten i botnen av klossen.

Det som er problemet når det er snakk om bilar som er over 20år gamle, er at dei blir slitt. Du kan sjå både på første bilde og siste bilde at braketten på døra har slitt eit merke på toppen av klossen. Allereie frå fabrikk har desse gummi klossane litt slark, så med nokre ti-års slitasje blir det sjølvsagt meir.

Dette kan du fikse enkelt og gratis.

Alternativt får du kjøpt ferdige produkt:
1. Garagestar - http://garagestar.com/blog/?product=gar ... r-bushings - med god kritikk på revlimiter - http://revlimiter.net/blog/2015/07/gara ... ng-review/
2. Ken Auto Door Bushings - http://rev9autosport.com/ken-auto-door- ... to-bushing

Kvifor bør du gjere dette?
1 - du blir kvitt ein del stygge vibrasjonar under køyring - spegelen min, for eksempel, vibrera ikkje lenger under køyring, og diverse ande klirre og gnikselydar i interiøret er vekke.
2 - karosseriet blir stivare - dette merkast faktisk ganske godt.
3 - Du får ein solid, deilig lyd av døra når du let ho att.

Kva treng du?
1 - 10mm pipe (alternativt stjerneskrujern, om du har gorillastyrke)
2 - rørtong, eventuelt anna solid tong


Korleis?
1 - demonter klossen

2 - Bend ut braketten i klossen, som vist på bilde nr.2
Du kan også bende ut braketten når den er montert, men du bør demontere for å sjekke om den set godt i motstykket på døra

3 - Sjekk at klossen passar i motsykket på døra.
bilde nr.3 kan du sjå korleis motstykket passar rundt gummiklossen - legg merke til at gummiklossen ikkje set heilt i botnen av motstykket
Eg har velgt å justere min stramt, og påføre litt seig smørning for å få døra til å gå fint att.

4 - monter i døropninga, men ikkje stram skruane

5 - opne og lukk døra eit par gongar, slik at klossen plasserar seg i rett høgde

6 - Stram til skruane

7 - repiter på andre sida

8 - ta deg ein køyretur og kjenn forskjellen
Last edited by Sunnmøring on 27 Jul 2015, 00:01, edited 1 time in total.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
torbra
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 205
Joined: 03 Feb 2014, 17:23
Medlemsnummer: 1122
Location: Valdres
Status: Offline

Re: Stivare karosseri - mindre vibrasjonar

Post by torbra »

Dette såg interessant ut! Men ser litt dårleg koss du gjer det når du bender ut braketten. Du lager den litt videre? Eller flatere?
Last edited by torbra on 25 Jul 2015, 21:00, edited 1 time in total.
-91 BRG-SE, Schneller Heinz
User avatar
Trym N1290
7200 RPM
7200 RPM
Posts: 1897
Joined: 02 Nov 2010, 23:22
Medlemsnummer: 888
Location: Drammen
Status: Offline

Re: Stivare karosseri - mindre vibrasjonar

Post by Trym N1290 »

orginal klossen er stiv i kortendene, han tar rett og slett og klemmer sammen kortenden så den buler litt mer. da vill klossen bli lenger i lengderetning.
1991 Mazda Miata 1.6
2014 Subaru Outback 2.5
2018 Bmw i3 - Fully charged
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Stivare karosseri - mindre vibrasjonar

Post by Sunnmøring »

Korrekt, som Trym skriv. Eg ser at intruksjonen kan virke litt uklar, så eg skal legge opp ein illustrasjon eller noko so det blir litt enklare å sjå korleis ein skal bende ut klossane. :)
ellers har diskusjonen om desse produkta rast på miata.net -
NC - http://forum.miata.net/vb/showthread.php?t=582330
NA - http://forum.miata.net/vb/showthread.ph ... 270&page=2
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
Post Reply