Denne lille gummi klossen har to funksjonar.
1 - stoppe døra når du smell den igjen - sidevegs er denne klossen relativt mjuk
2 - stive av karosseriet under køyring - Stivheita kjem av den interne "U" braketten som gummien er støypt rundt.
På bilde nr.3 kan du sjå den interne braketten i botnen av klossen.
Det som er problemet når det er snakk om bilar som er over 20år gamle, er at dei blir slitt. Du kan sjå både på første bilde og siste bilde at braketten på døra har slitt eit merke på toppen av klossen. Allereie frå fabrikk har desse gummi klossane litt slark, så med nokre ti-års slitasje blir det sjølvsagt meir.
Dette kan du fikse enkelt og gratis.
Alternativt får du kjøpt ferdige produkt:
1. Garagestar - http://garagestar.com/blog/?product=gar ... r-bushings - med god kritikk på revlimiter - http://revlimiter.net/blog/2015/07/gara ... ng-review/
2. Ken Auto Door Bushings - http://rev9autosport.com/ken-auto-door- ... to-bushing
Kvifor bør du gjere dette?
1 - du blir kvitt ein del stygge vibrasjonar under køyring - spegelen min, for eksempel, vibrera ikkje lenger under køyring, og diverse ande klirre og gnikselydar i interiøret er vekke.
2 - karosseriet blir stivare - dette merkast faktisk ganske godt.
3 - Du får ein solid, deilig lyd av døra når du let ho att.
Kva treng du?
1 - 10mm pipe (alternativt stjerneskrujern, om du har gorillastyrke)
2 - rørtong, eventuelt anna solid tong
Korleis?
1 - demonter klossen
2 - Bend ut braketten i klossen, som vist på bilde nr.2
Du kan også bende ut braketten når den er montert, men du bør demontere for å sjekke om den set godt i motstykket på døra
3 - Sjekk at klossen passar i motsykket på døra.
På bilde nr.3 kan du sjå korleis motstykket passar rundt gummiklossen - legg merke til at gummiklossen ikkje set heilt i botnen av motstykket
Eg har velgt å justere min stramt, og påføre litt seig smørning for å få døra til å gå fint att.
4 - monter i døropninga, men ikkje stram skruane
5 - opne og lukk døra eit par gongar, slik at klossen plasserar seg i rett høgde
6 - Stram til skruane
7 - repiter på andre sida
8 - ta deg ein køyretur og kjenn forskjellen