Du får ta det som eit kompliment og eit teikn på god innflytelse for det stod ei Momo-kule der før.
Banedagen var i regi av Peugeot-klubben sammen med Club Honda og med Subaru, Renault og Porsche som gjester. Det var totalt 42 biler som køyrde på bana, maks 25 om gangen.
Vi hadde flott vær heile dagen, kun nokre byger lett nedbør.
Vidar var snill og lot meg låne bilen og det var min 2. gang i miata, og 1. gang på bane (utenom kjegleløp). Eg køyrer, vel, pleide å køyre ein Peugeot 106 med rett chassis og rett motor, så det var ein viss overgang. Men etter ein runde sa det klikk. Eg skal ikkje bruke for store ord, men det er fantastisk korleis styring og gir matcher med hjernen (på sjåføren). På 4. og 5. runden begynte eg å føle meg varm i trøya og pressa meg forbi ein banerigga Renault Clio Willams og ein Peugeot 207 RC. Begge biler som har ein del meir å gi på langstrekket, men de fløy ikkje gjennom svingene på samme måte. Til slutt måtte eg i pitten og tørke dugg frå brillene.
Ein herleg dag!
Trur Vidaren er rimelig interessert i Toyos og endå betre geometri no.
Og eg er rimelig interessert i å bytte til Mazda.
