
Har eit problem som eg håpar at de kan hjelpe meg med...
Min 1990 Miata, vil plutselig ikkje starte lenger. Det virkar som om den er heilt død. Verken nødblink eller lykter virker, og lampene inne i bilen lyser veldig svakt.
Sykkla ned på biltema og kjøpte meg ladar. Den viste at batteriet var fullada. Fekk hjelp av naboen og Mondeoen hans og prøvde med startkablar likevel. Miataen drog straum frå batteriet og alle lysa virka, men den ville framleis ikkje starte. Det kom berre masse "klikke"lydar og startmotoren drog ei halv runde rundt.
Er det nokon som veit kva eg kan gjere


Er batteriet eller startmotoren ødelagt?