hahaha, ja, det er min jahelly wrote:Denne som står på 4 mursteiner oppe på Aksla stadion?

Tidligar i tråden har eg dreve å fabla om pussing av felgar og montering av greinrør, slik har det ikkje blitt. Ser at tilgjenglig tid må delast mellom min eine bedre halvdel, dama mi, og den andre bedre halvdelen, bilen min. Skal ikkje eing gong begynde å syte om alle dei ysynlige dvergane som stikk kjeppar i hjula mine.
Back to bisniss; forrigje helg bestemte eksosanlegget seg for å ta kvelden. Rå lyd? nja. kan eg leve med dette? nei.
Det var sjølvsagt sveisen bak katalysatoren som var svakaste punkt. Då eg kjika inni katalysatoren såg eg at kjerna hadde løsna. Eg hadde god tru og stappa kjerna tilbake inn så den satt fast-ish. I ettertid viste det seg at denne løysinga var litt vel optimistisk, då kjerna løsna gaske kjapt.
Som erstatning for eksosanlegget brukar eg FM sin turbo cat back, notorisk bråkete, men det ser kult ut, og det er ikkje rusta til bitar.
Orginalt eksosanlegg til høgre, rustfri FM til venstre. Etter litt snuing og risting på FM anlegget mistenkte eg at det som ein gong var lyddemping inne i potta hadde blitt til dritt. Etter ei økt med vinkelsliparen såg eg kvifor dette eksosanlegget har vore ekstremt bråkete.
Glasfiberisolasjonen hadde kollapsa til eit cm tynt lag, ikkje mykje lyddemping her nei. Men slik er det med det meste av fiber isolasjon, ca 99% luft og 1% masse, og blir det nok fysisk påkjenning vil det kollapse.
Løysinga vart slik. Isolasjonen som er brukt er ein Rockwool isolasjon som eigentlig er berekna til akustisk behandling i større bygg, parkeringshus, og denslags. Den er meir massiv, stivare og dempar bedre enn vanlig rockwool.


Då var det å tette igjen greia, uten sveiseapparat eller sveiseskills. Eg fann då eit rustfritt rør, splitta det i to, og limte det på med eksospasta. Relativt heimefiksa, men overraskande effektivt. Men neste gong skal eg bruke meir eksospasta, der vart sjølvsagt ei bittelita lekasje.
Resultatet var alt i alt perf. Lyden vart med akseptabel lav dur, mens lysare frekvensar vart sterkt dempa. Det kan beskrivast som eit sterkt dempa rakrør. Dette var då før kjerna i katalysatoren løsna for godt og blokkerte eksosen, dette ga redusert effekt og ukul plystrelyd. Eg knuste kjerna for å bli kvitt den og ironisk nok bråkar bilen nesten like mykje som den gjorde med den gamle isolasjonen i fm potta. Så då er det berre å finne seg ein ny katalysator, nokon som har ein til overs?
