<altforlongtinnlegg>
Eg har lenge kjørt med litt for stort batteri - av den grunn har eg aldri klart å montere dekselet som skal vere over. Tenkte eg skulle få bukt med dette ein kveld og endte opp med å demontere masse meir!
Prosjekt "elektrisk opning av bagasjeluke" vart fullført med raud knapp i midtkonsollen. Det er dette prosjektet som tvang meg til å demontere så mykje pga trekking av kabel. Knappen tek straum frå radioen, slik at den kun virkar når tenninga er på. Eg har også lagt ned litt gummi i midtkonsollen (lenge sida, men men) - eg blir nemlig gal av myntar og anna fjas som ristar rundt når eg køyrer på Norges fantastiske vegnett.
Arbeidslysta tok meg, så eg bestemte meg for å rette opp varsel-blink knappen, som har vore laus. Eg såg då også muligheita til å senke cd-spelaren lenger inn i gravstøtta. Ikkje så veldig vansklig å få til faktisk, men eg var heldig med plasseringa på tabsa i ramma. Det ser jalla ut på innsida, men det set som støypt. Ingen vibrasjonar eller ulydar.
Ramma som er brukt rundt var eigentlig meint til å ligge utanpå gravstøtta, så denne vart forsiktig og på forsvarlig vis trimma på sidene, med kappsag

Fin justering vart utført med grovt pussepapir. Førebels resultat ser dykk på bilde - eg skal seinare pusse ned, lakke og tilpasse finare for å minimere gliset i toppen. Det blir diverre glis i botnen, men veit ikkje heilt kva eg kan gjere med det...
Shinings inne i bilen. Fann igjen dei gamle og veeeeeeldig slitte dørkteppa mine. Har vaska og støvsugd etter beste emne, men sidan dei var så slitt, så gav eg dei ein omgang med varmepistol for å smelte ned "pelsen" som var blitt på dei. mtp slitasje vart det veldig bra.
Teppet på førarsida har eg vurdert å kaste, pga at belegget under er nesten vekk - resultatet er eit teppe som krøllar seg opp når ein trekker til seg føta. Fins der gode tips for å få det til å ligge fint?
Rubbing compound, typ biltema - her testa på eine sida av støtfangaren. Trur eg skal gå over heile fangaren med dette først - og så til slutt med turtle wax sin compound, sidan den virkar litt meir finkorna. Nokon som her erfaring med dette?
Deksel montert! Dette er den varianten som er laga av stiv plastikk. Denne har då vore lagra i botnen av ein haug med diverse garasje ting og var derfor like deformert som min forrigje mx5. ved hjelp av varmepistol fekk den "amazing transformation" - men den måtte beskjerast for å kunne monterast på det bakerste stillet.
Gjekk også over interiøret i bagasjerommet med varmepistol, definitivt ei oppgradering med mindre du varmar for mykje. Eg vurdera også å bruke svart tekstil-spray på det for å få det litt meir mint. Er det nokon som veit om slik spray kan farge av? for eksempel hvis eg har ein kvit bagg i bagasjerommet?
Har også funne releet som gir meg problemet med at lyktene ikkje poppar opp av seg sjølv. Har ikkje orka å fikse dette då eg oftast køyrer med lysa nede - men det er kjipt når eg skal "helse" på andre mx5ar når lysa ikkje kjem opp. Problemet er der av og til ved bruk av knapp i gravstein, og som oftast ved bruk av hendelen ved rattet. Midlertidig løysing er å kakke på releet med foten - det har fungert til no
Sjekka litt opp om elektonikken inne i boksen - der er eit kretskort med ein liiiiiten svart boks på - den svarte boksen er lodda fast og er faktisk to små rele, som styrer signal frå gravstein og hendelen ved rattet - kansje det vil fungere å drukne releet i electronic cleaner i 24 timar. Skal prøve dette då nytt rele kostar 777kr -
http://www.mx5parts.co.uk/headlamp-retr ... -1082.html
Andre nyheiter er at utløysarlageret til clutchen lagar stygg lyd når bilen står i nøytral, på tomgang. Så eg må vel splitte kassa og motoren ein gong i framtida. Eg har i den samenheng eit letta 1.8 svinghjul som eg vurdera å montere med orginal 1.8 clutch - er det ein god ide?
</altforlongtinnlegg>