Bildet over, ze problem. Leppa på plastlekselet har måtte lide nedhøvling, så den dekker ikkje like godt ut mot teppet som før. Ein bagatell, kansje, men eg har valgt å gjere noke med det.
Den orginale vinylen og isolasjonen har blitt fjerna til fordel for nytt, og sidan eg ordna ny vinyl som egentlig er gummi, så har eg brukt den til å løyse det førstnemnte problemet.
Bildet under: Bagasjeroms matte, nøye tilpassa halvburet. Det er rilla, så eg har snudd det opp ned for å få glatt overflate der den blir synlig. Tilpassing vart gjort med møysommelig måling og opptegning.
Måling er gjort med mitt alltid nøyaktige hultarfors målbånd - suverent enkel ved innvendige mål, merking av mål uten blyant, og muligheit for å måle diameter på rør ved å måle omkrets. Som tømrar\snekker så brukar eg det kvar dag, og dæven det var godt å bruke i bilen også, ettersom dei fleste mål blir tatt i mellom ting. http://www.hultafors.com/hand-tools/mea ... eter-2m3m/
Over, t.v. Gummi ferdig tilpassa mellom deksel og bøyle. Over t.h. Planen var først å ha alt i ein stor bit, men det vart ein miss i opptegninga mi då dei bakre støttene står ca 2cm lenger inn mot senter av bilen i forhold til støttene framme. Løysninga vart å ha ein stor bit midt på, og så tilpasse bitar på høgre og venstre side. Biten som er på bildet var kasta, dei nye fekk litt anna form for å få dei til å ligge fastlåst mellom bøyle og karosseri.
Under, ca ferdig resultat. Teppet må finjusterast litt til. Som finish på det heile har eg lyst å sy ein slags saum rundt kanten på teppet der eg har klipt i det, lik den som er på teppekanten frå før. Litt i tvil om det lar seg gjere, ettersom teppet sikkert ikkje er så kjekt å ha med å gjere i ei symaskin. Alternativ løysing er å sy ca 5000 sting for hand. Det skjer neppe...
Bonusbilde. Eg har i det minste fått plass til bilen
