Herrejesus. Må sei at Taptalk appen er noko søppel. Kom ikkje her å foreslå at eg skal betale for å laste opp bilde i full kvalitet.
Taptalk + sunnmøring = nei
Uansett.
No skjedde det. Endelig. Bytte av toppakning. Har grua meg til det her men fekk heldigvis låne hjelp og varm garasje med Helly her på forumet.
Avbilda under er "koble ifrå nesten alt men minst mulig" metoden. Om det er fordelaktig veit eg ikkje, men eg er stor fan av å gjere minst mulig så slik vart det. Helly har støtta meg konstant med arbeidshjelp, sjokolade, og oppmuntrande kommentara som "e du sikker?" og, "det der ville ikkje e ha gjort på min bil"
Eg forstår han, og ja, eg er sikker, sjølv om eg tek feil*, og ja, eg syns heller ikkje du skal gjer det her på din bil
*eg var sikker på at eg hadde stilt inn cam dreva rett. Så når bilen bilen sku startast så... gjorde den ikkje det. Men, i mitt forsvar, så syns eg at det er bedre å gjere feil med stort pågangsmot og sjølvsikkerheit i staden for å stå å nøle
Hvis du glana litt på toppakninga eg har lagt på så vil du sjå at ein del av hulla i toppakninga er teipa igjen. Ja.
Vil tørre å påstå at det er litt "gangsta" av meg å gjere det, men det er eit økonomisk og enklare alternativ til den typiske "coolant reroute" som enkelte monterar.
1.8 NB motoren fekk ei forandring i si toppakning rundt 2003, der fleire av hulla på innsugsida og front av motoren var redusert eller tetta igjen.
Dette fordi kjøleveska ikkje skal ta snarveien rett frå vannpumpa, opp i toppen, og ut igjen ved sylinder nr.1. Når passasjen framme ved sylinder 1 er blokkert og redusert, vil kjøleveska bevege seg meir bak mot nr.4 før den går opp i toppen, og så igjen snur og går ut til radiatoren framme ved termostaten.
Eg har aldri hørt eller sett nokon gjere liknande på sin motor, så eg ofrar meg sjølv i vitenskapens navn for å eventuelt bevise at det her kan fungere, eller ikkje fungere.
Under ser dykk sylinder nr.1 og resultatet av å kjøre med ein metallbit inne i motoren. UTRULIG nok er denne bra på trykktesten!
Her nr.4 avbilda etter litt lett metallbørste på drill. Tydlige avsetningar i stempelet. Tilsvarande var også i toppen på ventilane.
Eg gjekk på med drill og metallbørste til alt var reint.
Til slutt gjekk eg lett over cylinderane med ebay style honeverktøy. Nei, eg tok ikkje stempela ut av blokka, og eg veit ikkje om det er dumt. Eg klarte berre ikkje la vere når eg hadde verktøyet for hand, det kan vel ikkje bli verre enn det var før??
NY TOPPAKNING JANUAR 2020
6 stk omdreining - kald motor. Alle plugga demontert.
Cyl 1 - 182psi - 12.3 bar
Cyl 2 - 160psi - 11.1 bar
Cyl 3 - 180psi - 12.3 bar
Cyl 4 - 180psi - 12.3 bar
12-15 stk omdreining (trykk stabiliserte seg mellom 10 og 15 omdreining) - varm motor. Alle plugga demontert
Cyl 1 - 205psi - 14.1 bar
Cyl 2 - 188psi - 12.9 bar
Cyl 3 - 202psi - 14.1 bar
Cyl 4 - 202psi - 14.1 bar
Måling frå førre sumar, og frå 2015.
syl.1 - 170 psi -- Måling frå 2015 - 185 -- Differanse 15
syl.2 - 153 psi -- Måling frå 2015 - 171 -- Differanse 18
syl.3 - 172 psi -- Måling frå 2015 - 183 -- Differanse 11
syl.4 - 168 psi -- Måling frå 2015 - 190 -- Differanse 22
Så ja, jamt over forbedring, mykje meir enn eg hadde forventa. Om det var toppakninga, honinga, fjerning av bøs frå stempela, som gjorde størsteparten av utslaget veit eg ikkje.
Ein ting er klart, sylinder nr.2, har ei lekkasje. den har lugge jamnt 17-20psi under dei andre sylinderane. Det må vel andtyde lekkasje via ventil?
Det er berre steike rart sia der er sylinder nr.1 som har hatt besøk av ein metallbit, men der ser det ut som om trykket er bra. Mysifistisk.
Sent fra min CLT-L29 via Tapatalk