Har lenge søkt rundt og prøvd å finne ut kva avstiving til NA som var bra, og kva som var best å begynne med. Når mx5-parts hadde eit salg slo eg til på avstiving til fronten. Då eg kjøpte dei var eg litt skeptisk, og når eg monterte dei var eg skeptisk - området der dei blir montert på såg ut til å vere ganske solid frå før av og eg var redd den einaste effekta ville vere placebo. Det var det heldigvis ikkje

Før eg monterte dei kjendes det ut som om bakenden på bilen på ein måte slengde seg inn i svingen etter fronten. Eller som om dekkveggen på bakdekka var mykje mjukare og større. Så snart eg fekk montert avstivarane tok eg meg ein prøvetur, eg hadde ikkje ein gong tolmod til å skru på framskjermane.

Allereie i første sving merka eg forskjell, og etterkvart som eg jobba meg ned dei svingete vegane i Geiranger konkluderte eg med at dette ikkje var noko drit. Der var faktisk ein merkbar og god forskjell i måten bilen oppførte seg i svingane. Drøye 1200kr godt brukt! Bilen verkar stivare, og legg seg fint inn i svingane - den deigete følelsen som bakenden på bilen hadde før var no vekk, og fronten verkar meir villig til å svinge. Det kjendest neste ut som om eg køyrde på lavprofil dekk. Denne følelsen var ikkje placebo!


Alt i alt vil eg anbefale desse - i alle fall om du køyrer på coilovers eller stivare fjører. Sjølv køyrer eg på nokon relativt mjuke Racelands coilovers og har fått merkbare resultat - reknar med eg kjenner forskjellen ekstra godt sidan eg ikkje har noko anna avstiving på min 92mod.
No set eg å spekulerar på kva neste avstivning skal bli - tårnstag? avstiving av understell bak eller framme? Anbefalingar?