For spissing så har folk flest det ein trenger.
1. Finn ein så plan plass som mulig. Parker bilen der og pass på at rattet står "rett". Ikkje vri rattet etter at du har parkert!
2. Still opp 4 bukker. Ein i kvart hjørne til bilen
3. Strekk ei snor (type tynn) (2 strekk) mellom bukk bak og framme i høgde med senter av hjula.
4. Finn ut kva bredden mellom hjula er bak og framme. Finner det i ein eller annan manual.
5. Plasser bukkane slik at snora kommer parallellt med senterlinja på bilen (Altså er hjulavstanden feks 1500mm bak og 1520 framme så plasserer du snora 100mm ut frå senter av bakre felg og 90 ut frå senter av framre felg)
6. Mål framme og bak på felgane og noter ned målingane. Då får ein noterert ned feks 121mm bak og 119mm framme. Mål på kanten av felgen. Då har hjulet spissing innover (toe-in). Justerer ein skruen til spissingen då med feks 1/4 turn og tar nytt mål så havner ein tilslutt på 120mm framme og 120mm bak (om parallelle hjul er ønskelig

)
7. Juster spissingen etter dei måla/vinklane du vil ha
Egentlig ganske enkelt, men eg ville ikkje begynt med det uten at ein er trygg på det ein gjer...
Viss ein har ein greit betalt jobb og skal ha orginale innstillinger så ville eg gjort det på eit verksted. Koster som regel ikkje så mange kroner...